Ved hjelp av appen Bibliofil kan du mellom anna sjå kva nye bøker me får inn, kva som er innlevert i det siste og kva som er mest vist. Du kan få tips til nye lån og du kan reservera bøker. Det er og enkelt å sjå kva lån du har og om du treng å fornya nokre av dei. Det gjer du sjølvsagt og direkte i appen. Appen Bibliofil er kort og godt et supert hjelpemiddel til å administrera låna dine sjølv. Du finn appen både i Google play og i Appstore. Kontakt biblioteket om du treng hjelp.