Korona-tiltak i biblioteket

Korona-tiltak i biblioteket

På grunn av smittesituasjonen må me dessverre innføra nokre nye reglar:
Me kan ha inntil fem personar inne i biblioteket om gangen.
Me ber om at du oppheld deg i biblioteket så kort tid som råd
Me kan ikkje lenger tilby skanning, printing eller hjelp med PC/mobiltelefon
Maks ein person om gangen på publikums-PC
Ikkje utlån av hodetelefonar
VIS OMSYN, HOLD GOD AVSTAND, VASK HENDER!

 

Administrer låna dine

Administrer låna dine

Ved hjelp av appen Bibliofil kan du mellom anna sjå kva nye bøker me får inn, kva som er innlevert i det siste og kva som er mest vist. Du kan få tips til nye lån og du kan reservera bøker. Det er og enkelt å sjå kva lån du har og om du treng å fornya nokre av dei. Det gjer du sjølvsagt og direkte i appen. Appen Bibliofil er kort og godt et supert hjelpemiddel til å administrera låna dine sjølv. Du finn appen både i Google play og i Appstore. Kontakt biblioteket om du treng hjelp.

Lesekroken.no

Lesekroken.no

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland abonnerer på Lesekroken.no. Ved å logga inn der med passordet Hjelm1 får du tilgang til eventyr på mange forskjellige språk. I tillegg til sjølve eventyra finn du mange forskjellige aktivitetar og oppgåver knytt til eventyra.Det er heilt gratis for deg å bruka.

Avistenesta i biblioteket

Avistenesta i biblioteket

Visste du at Nasjonalbiblioteket si avisteneste tilbyr utvida  tilgang til digitaliserte aviser hos norske bibliotek? Spør oss og du får eit passord slik at du kan logga deg inn på Nasjonalbiblioteket sitt store utval av digitaliserte aviser. Men du må sitja i biblioteket medan du les.