Sommarles.no er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer fra 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan barna registrera bøkene dei les, samla poeng, få kule premiar og lesetips. Sjølvsagt blir det også ei ny og spennande Sommarles-forteljing med eit nytt kapittel kvar veka.

Ein kan bruka same brukarnamn som ein brukte i fjor. NB: Begynner du i 1. klasse til hausten eller sluttar i 7. klasse til sommaren, kan du også bli med.

 

Registrering i Sommarles

For å registrera seg går ein inn på Registrer, les  brukaravtalen saman med foreldre/føresette og trykker «Eg godtar brukaravtalen». Ein må oppgi ei e-postadresse til ein forelder/føresett for å delta. Når ein har registrert seg, vil ein motta ei stadfesting på at ein er med. Ein vil også trenga eit lånenummer for å delta. Både eige og føresett sitt lånekort kan brukast. Dersom ein ikkje har lånekort, tar ein kontakt med biblioteket.

 

Kva kan Sommarles-deltakaren lesa?

Deltakarar kan lesa kva som helst av bøker. Dei kan også lytta til lydbøker eller bli lesen for av nokon andre som er flinke til å lesa. Det me ikkje godkjenner på Sommarles er aviser (med unntak av Aftenposten jr. og Framtida junior), oppslagsverk (som for eksempel leksikon og atlas), blad (for eksempel Julia, Wendy, Bamse og Donald) og podcastar. Ellers er det lov å registrera alt av pocket-bøker og bøker med tekst, bilete eller teikneseriar! Deltakarane kan lesa bøker på andre språk enn norsk også.