Litteraturlunsj med klassisk konsert

Litteraturlunsj med klassisk konsert

Velkommen til litteraturlunsj med forfattar Heidi Hjorteland. Ho kjem for å lesa for oss, fiolinist Xenia Berkova trakterer oss med musikk, og kafeen har ope. Gratis inngang.
Arrangementet blir strømma direkte, så du som ikkje har sjans å komma til kulturhuset kan sjå og høyra der du er. Strømmen blir å finna på Ryfylkebiblioteket Suldal sin Facebook, og me legg ut lenke her i dette arrangementet på dagen. Opptaket blir liggande ute eitt døgn.
Dette arrangementet er blitt til med støtte frå Forfattersentrum og Nasjonalbiblioteket.
Høyr forteljinga om Guds gjøgler

Høyr forteljinga om Guds gjøgler

Anne Elisebeth Skogen fortel frå boka Guds Gjøgler, ei gammal historie av Tomie de Paola. Ei nydeleg historie, litt trist, men også full av visdom og håp!

Film ved Ryfylkebiblioteket Suldal. 

Dette er ein av åtte filmar som Ryfylkebiblioteket Suldal har laga med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Filmane skal vera eit tilbod til alle bibliotekbrukarar i heile landet og vil liggja ute på Internett til 15. juni.

Det er krig nå

Det er krig nå

Heidi Hjorteland skreiv korona-novella “Det er krig nå” i byrjinga av april 2020. Heidi Hjorteland er forfattar og journalist frå Suldal, og mange kjenner pennen hennar frå Stavanger Aftenblad, Hjemmet og Pårørandesenteret. Det er Eva Bendiksen som les for deg. Film ved Ryfylkebiblioteket Suldal.

Dette er ein av åtte filmar som Ryfylkebiblioteket Suldal har laga med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Filmane skal vera eit tilbod til alle bibliotekbrukarar i heile landet og vil liggja ute på Internett til 15. juni.

Kva er det med Agnete?

Kva er det med Agnete?

«Kva er det med Agnete?» er henta frå Heidi Hjortelands novellesamlimg Lyset i snøen (2016). Heidi Hjorteland er forfattar og journalist frå Suldal, og mange kjenner pennen hennar frå Stavanger Aftenblad, Hjemmet og Pårørandesenteret. Det var Eva Bendiksen som las for deg. Film ved Ryfylkebiblioteket Suldal.

Dette er ein av åtte filmar som Ryfylkebiblioteket Suldal har laga med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Filmane skal vera eit tilbod til alle bibliotekbrukarar i heile landet og vil liggja ute på Internett til 15. juni.

Høgtlesing om Pølsetjuven

Høgtlesing om Pølsetjuven

Pølsetjuven er skriven og illustrert av Marianne Gretteberg Engedal. Boka vart vinnar av Kulturdepartementets biletbokpris i 2019. Det var biblioteksjef i Suldal, Anne Mo, som las for deg. Film ved Ryfylkebiblioteket Suldal.

Dette er ein av åtte filmar som Ryfylkebiblioteket Suldal har laga med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Filmane skal vera eit tilbod til alle bibliotekbrukarar i heile landet og vil liggja ute på Internett til 15. juni.

Bli med Bæ og Bø i sauegarden

Bli med Bæ og Bø i sauegarden

Toyni Tobekk les Bø og Bæ gjer reint og Bø og Bæ i festhumør. Desse barnebøkene er skrivne og illustrerte av Olof og Lena Landström, og dei er omsette til norsk av Ragnar Hovland. Film ved Ryfylkebiblioteket Suldal.