When:
27. oktober 2021 @ 13:00 – 14:00
2021-10-27T13:00:00+02:00
2021-10-27T14:00:00+02:00
Where:
Ryfylkebiblioteket Hjelmeland
Cost:
Free

Kom og høyr forfattar Emma Manin fortelje om romanen Barnet i veven.

Dette blir eit interessant innblikk i boka sin tematikk og om Emma sitt forfattarskap.
Her kan du lese litt om kva forlaga skriv om boka:
– «Barnet i veven» er ein gripande og kraftfull roman om framtidsdraumar og kunstnarkall. Forteljinga plasserast i ein rik vev av historiske detaljar, der svik, sinne, skuld, sorg og skam er kjensler som driv forteljinga framover.
To kvinner, Astri og Gunhild, får sine liv vevd tettare saman enn dei ynskjer. Tråden som bind dei er Hallvard. Han er gift med Gunhild, men gløymer aldri ungdomskjærasten sin, Astri.
Denne tråden utviklar seg i romanen, gjennom kjærleik, barnløyse, utruskap, fødsel og forsoning.
«Barnet i veven» er ein roman om forventningar og ynskje om å lukkast, enten det er som kunstnar, eller som odelsfolk som skal føre garden vidare.
«Barnet i veven» viser korleis barnløyse for 100 år sidan måtte finne andre løysingar enn dagens eggdonasjon og surrogati.

Emma Mamin