When:
15. oktober 2021 @ 13:00 – 13:45
2021-10-15T13:00:00+02:00
2021-10-15T13:45:00+02:00
Cost:
kr 100,-

I denne framsyninga møter vi igjen helten Espen Askeladd som reiser ut på nye eventyr.
Ikkje for å målbinde prinsesser, eller for å fylle skreppa med rare gjenstandar han finn langs vegen. Nei, for heilt frå Askeladden var ein liten gutt, og lå der og drøymte seg bort medan han kikka inn på glørne i gruva, hadde han hatt eit ønske:
-Ein dag skal eg bli ein ekte riddar og få plass ved Kongens runde bord.
– Då må du kunne kjempe med både dragar og troll, seier kongen. Askeladden tar utfordringa og legg i veg på den farefulle ferda, og når han får behov for litt hjelp, dukkar det opp ein gammal kjenning: ein lur Rev!
Denne framsyninga er i haustferien, og den passar godt for dei minste!