Oda Malmin

Oda Malmin er stolt og glad over at hennar bok, Steinauge, blei valt til Hele Rogaland leser-bok i 2021.

Malmin kjem frå Stavanger, men bur i Oslo. Ho vann Aschehoug sitt debutantstipend for Steinauge då boka kom ut i 2018. I år kom den andre boka hennar, Skinliv.

Handlinga i Steinauge føregår på 1940-talet og kretsar rundt dei to søskenbarna Randi og Ingeborg og eit tap i barndomen som skal merka forholdet deira for resten av livet. Boka er skriven med stor kjærleik til Rogaland og den jærske naturen

Malmin gler seg til at mange fleire rogalendingar nå skal få lesa boka hennar. På biblioteka i fylket vil det bli delt ut 30000 gratis eksemplar av Steinauge, og Oda Malmin kjem til å koma til eit bibliotek nær deg for sjølv å lesa og fortelja frå boka. I Ryfylke gler me oss til å få Steinauge til utdeling til hausten og, ikkje minst, til besøk av Oda Malmin. For deg som ikkje kan venta så lenge, har sjølvsagt Ryfylkebiblioteket eksemplar til utlån, og det har også Allbok.