Dei siste dagane i september har me på biblioteket vore rundt på skulane for å dela ut sommarlesdiplomar til alle suldalselevar som har vore med på Sommarles. Me hadde også utlodding, og fleire vinnarar på kvar skule vann anten kinobillett eller nokre av dei fine Sommarles-steinane eller -smykka.

Heile 490000 sider las dei 175 suldalselevane som var med på Sommarles, seg gjennom. I Sommarles tel kvar side som blir lesen, anten ein les sjølv eller ein blir lesen for. Fleire opplevde å koma raskt opp i level på lange bilturar rundt i Noregs land i sommar. For dei som passerte level 30 alt første sommarlesveka, var det bra at biblioteket i Suldal hadde flotte ekstrapremiar til dei som heldt koken og las vidare. Fleire fekk premiar på både level 50 og 70.