Onsdag 13. mai opnar me hovudbiblioteket på Sand. Me startar med sommaropningstider måndag-fredag 10-15. Laurdagar har me stengt inntil vidare. Filialane opnar f.o.m. 18. mai på sine vanlege dagar og tider. Nesflaten og Ropeidhalvøya opnar ikkje før torsdag 28. mai sidan 21. er offentleg høgtidsdag. ‘

Me gler oss stort til å sjå lånarane våre igjen og ber om at de følgjer smitteverntiltaka våre på same måte som de gjer i butikkane. Berre 10 personar kan vera inne i biblioteket på ein gong. PCar og symaskin kan ikkje nyttast.

Hjarteleg velkommen!